01.01: Selje spelar om KM-tittel i junior vinterserien
Postet av Selje IL - Fotball den 17. Des 2006
Vinnar i Nordfjordavdelinga Selje, møter Sogndal (vinnar Sogn) og Høyang (vinnar Sunnfjord) i sluttspelet om KM-tittelen i junior vinterserien.
Sogndal-Selje onsdag 3.januar kl.19.00
Selje-Høyang laurdag 6.januar kl.13.00
Høyang-Sogndal onsdag 10.januar kl.18.45.
Selje overraska dei fleste og gjekk til topps i Nordfjordavdelinga etter flott innsats. No ventar tøff motstand i sluttspelet. Sogndal er venteleg klar favoritt i KM-sluttspelet, men overraskingar har skjedd før i fotball.........
Det blir ein pangstart på nyåret for juniorlaget, så då spørst det kven som har teke best vare på formen gjennom jule- og nyttårsfeiringa..........
P.g.a lange reiseavstandar ynskte ikkje Selje å spele midtvekekampar. Sogndal kunne ikkje spele helg. SFFK har betemt at kampen går i Sogndal 3.januar. Selje tok kontakt med Sogndal om få spele kampen på tysdag kveld, før skulane tek til att, då dette hadde blitt lettare for alle våre bortebuande spelarar. Men dette nekta Sogndal, og dermed går kampen i Sognahallen på onsdag kveld.
Høyang-Selje er flytta frå søndag til laurdag. Høyang kjem fredag kveld med laget sitt og overnattar i Selje.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024