02.09: 3.div. Selje mista to poeng mot Kaupanger
Postet av Selje IL - Fotball den 3. Sep 2006
Det vart ein spennande kamp i Selje Idrettspark i dag framfor 161 betalande tilskodarar. Selje spelte ein god fyrsteomgang og skapte mange sjansar. Ein god Vegard Skjeldestad i Kaupangermålet heldt bortelaget inne i kampen. Men etter 39 min. i fyrste omgang fekk Selje endeleg utteljing. Trond Hamre sette inn 1-0 for heimelaget etter assist frå Kenneth Pedersen.
Selje fortsette å skape sjansar utover starten av 2.omgang, men som ofte før når eit lag pressar på utan scoring, nærmar motstandaren seg. Ei litt unødvendig straffe i det 80.minutt, sette Jørn Skjeldestad sikkert i mål og 1-1. Begge laga pressa på mot slutten av kampen for å avgjere, men det ebba ut med 1-1 og poengdeling. Eit resultat som Kaupanger hadde mest grunn til å juble for. Sjansestatistikken 9-3 til heimelaget stadfestar det.
PS! Mot slutten av kampen kom Roger Hamre (45) inn for ein annan Seljeveteran Frode Nøstdal (44). (Desse to karane toppar adelskalenderen, og har til saman tett på 700 obligatoriske kampar for Selje). Når så guttespelaren Ole Andreas "Oen" Solheim (15) kom inn og fekk sin debut på A-laget, avslutta Selje med den eldste og den yngste spelaren i årets 3.divisjon!
Repr. for Sogn og Fjordane Fotballkrets, Rune Sunde, var til stades under kampen for å vurdere kamparrangementet. I følgje Sunde sine kommentarar etter kampen var dette svært bra, og nok til å sende Selje til topps i konkuransen mellom klubbane i 3. og 4. divisjon.
Dagens heimespelar: Jan Runar Trandal og Peter Bergesen delte denne.
Firdastjerna gjekk til: Jan Runar Trandal, Selje
Gule kort: Gaute Otnes, Selje + to til Kaupanger
Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestad Ass.dommarar: Kjell Alme, Sandane og Tom Erik Sandal, Jølster
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024