26.08: 3.div. Selje avgjorde i sluttminutta mot Sandane
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Aug 2006
Kampen starta på verst tenkjeleg vis for Selje. Etter å ha teke avspark og spelt ballen tilbake på bana, snappa ein Sandanespelar ballen etter ein gedigen forsvarstabbe og trilla ballen forbi Seljekeeper Losnegård før 1 minutt var spelt.
Dette vart ein dårleg fotballkamp, der prestasjonane ute på bana var langt under pari, sjølv om Selje etter kvart pressa på for utlikning. Det var berre 5 minutt igjen av ordinær tid og det såg ut til å gå mot eit forsmedeleg 1-0 tap, og fyrste Sandanesiger i år. Då fekk Selje straffe, som Frode Nøstdal sette sikkert i mål. Og berre minuttet etter var Werner Kupen frampå igjen og sette inn 2-1. Werner Kupen som vart skada i forrige kamp, kom likevel inn mot slutten av kampen og var eit friskt pust på ein grå dag der berre poenga gleda. Dessverre var denne kampen den siste for Werner i år, då han no skal operere skuldra der han vart skada i vinter.
1-0 1min. Bjarte Skaaden
1-1 85min Frode Nøstdal (straffe)
1-2 86min Werner Kupen
Firdastjerna gjekk til: Frode Nøstdal
Gule kort Selje: Kristoffer Hove og Kai Arne Otneim. Må sone neste kamp.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024