Eid - Selje: 2-0
Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mai 2006
Selje tapte 2-0 mot Eid i kveld, etter 2-0 ved pause. Selje fekk ein dårleg start på kampen med scoring i mot etter berre 2 min. spel på Eid Idrettspark. Eit stolpeskot av Karl Erik Aarsheim, som rulla langs mållinja og ut, kunne kanskje ha løfta Seljelaget om det hadde gått inn. Men det var Eid som skapte flest målsjansar utover i kampen, og som burde hatt fleire mål enn dei to i fyrste omgang. Selje spelte ingen god kamp, men glimta periodevis til med nokre bra angrep, som førte til eit par sjansar mot slutten. 3 guttespelarar avslutta kampen for Selje: Kennet Honningsvåg, Endre Kupen og debutant Martin Hove.
Les meir: www.firda.no og www.haugenfotball.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Stor påmelding til Grasrottrenarkurs i Selje
02.02.2026
Geir fortset som trenar for damelaget
22.12.2025
Idar trenar Selje i 5.div.
22.12.2025
Grønt merke til Anne-Britt
16.12.2025
Årets dommar
16.12.2025