Sjå flott Seljecup-film v/Fjordenes Tidende

    Postet av Selje IL den 22. Jun 2024

    Seljecup/Selje IL takkar Fjordenes Tidende for den flotte filmen som er laga frå årets Seljecup. Trykk på linken under og kos deg med Seljecup....

    Her stiller over 200 frivillige opp for å gjennomføre cupen - FJT Play




    Eventyrleg Seljecup!

    Postet av Selje IL den 18. Jun 2024

    Vi kan slå fast at Seljecup 2024 14.-16.juni vart ein ny kjempesuksess, og ei fantastisk cuphelg slik vi hadde håpa på. Aldri før har så mange delteke på Seljecup, over 1300 spelarar var med. Etter at to lag i Kongleriket trekte seg heilt på tampen, enda det på heile 172 lag som deltok på turneringa.

    Vi er glade og stolte over måten arrangementet vart gjennomført på, alt gjekk "på skinner" heile helga. Vi rettar ei stor takk til alle våre dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det aldri gått. Til og med værgudane spelte på lag med oss, særleg på fredag og laurdag. Folk kosa seg på og rundt stadion, med bading på Seljesanden og alt anna som Selje hadde å by på. Eit par kraftige regnbyger søndag ettermiddag dempa ikkje idrettsgleda. 

    Vi rettar ei stor takk til Selje Hotel Invest som lånte oss gratis lokaler til overnatting og til Stad kommune for lån av fleire kommunale bygg. Vi takkar alle deltakarlaga for god innsats og godt samarbeid. Vi set stor pris på alle dei flotte tilbakemeldingane som vi har fått på årets Seljecup. 

    Vel blåst og velkommen til Seljecup 2025, 13.-15.juni!




    Resultat sluttspel-klasser Seljecup 2024

    Postet av Selje IL den 18. Jun 2024

    J13/14

    Måløy vann klasse J13/14 etter 1-0 mot SIF/Hessa i finalen.

    A-sluttspel: 

    nr.1 Måløy 1

    nr.2 SIF/Hessa 

    nr.3 Selje/Stadlandet

    nr.4 Sula blå


    B-sluttspel: 

    nr.1 Måløy 2

    nr.2 Måløy 1

    nr.3 Bremanger

    nr.4 Sula kvit


    C-sluttspel: 

    nr.1 Valder 1

    nr.2 Valder 2

    nr.3 SIF/Hessa rød

    nr.4 Hareid


    G13/14

    Eid vann klasse G13/14 etter 4-1 mot Selje/Stadlandet i finalen

    nr.1 Eid

    nr.2 Selje/Stadlandet

    nr.3 Blindheim

    nr.4 Skodje svart

    nr.5 Skodje gul

    nr.6 Vanylven




    Info. og program Seljecup 2024

    Postet av Selje IL den 8. Jun 2024

    Info. og program Seljecup 2024

    Innsjekking: blått klubbhus/klatrepark ved stadion. Laga henvender seg i innsjekkinga ved ankomst og får utlevert div. info. og programhefte. Overnattande lag med C-kort blir vert vist til overnattingsstad etter innsjekking.

    Nedanfor er utdrag frå Seljecup 2024 programhefte:

    Cup-program 

     Fredag 14.juni

    frå kl. 17.00                Mottaking/registrering av lag

    frå 18.56-21.00           Kampar G10, J10, J11, G12

    kl. 20.00-ca.22.30       Kveldsmat i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

     Laurdag 15. juni

    kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

    frå kl. 8.00                  Mottaking/registrering av lag

    kl. 8.00-21.00             Klasse: G10, G11, G12, G13/14, J10, J11, J12,  J13/14 

    frå ca. kl.12.00           Trikseshow laurdag og søndag

    kl.12.00-15.00            Lunch i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

    kl. 16.00-ca.20.00       Grillselskap. Servering av grillmat. Middag for overnattande lag med C-

                                        kort. 

    kl.17.30 -                    Karoke m/DJ John Erik Strøm i Selje Samfunnshus

    kl. 20.00-23.00            Cup-diskotek m/DJ John Erik Strøm i Selje Samfunnshus. 

                                       Aldersgrense 10-16 år. Gratis for alle cupdeltakarar.    

    Søndag 16. juni

    kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort. Adgang til å smørje                                          lunchpakke.

    kl. 8.00-13.30             Klasse: G10, G11, G12, J10, J11, J12, Sluttspel G13/14 og J13/14. 

    kl. 13.00-ca.17.00       Grillselskap. Servering av grillmat. 


    ”Kongleriket”-turnering 6-9år, kl.13.45-17.50: 

    frå kl. 13.00                Mottaking/registrering av lag i miniklasser 6-9år.

    kl.13.45-17.50            ”Kongleriket”-turnering med 82 lag på 14 baner. Klasse: G6, G7, J6, J7 spelar 3-ar på                                      6 baner m/vant ved skulen. G8, G9, J8, J9 spelar 5-ar på 8 baner på stadion. 


    Matallergi/C-kort: Vi ber om at de melder frå på førehand visst det er matallergiar o.l. som det må takast omsyn til. Kontakt: anne_britt_65@hotmail.com eller tlf. 95844684.

    Aktivitetar/program på Seljecup 2024:  Trikseshow. Hoppeslott. Boblefotball. Radarmåling. Aktivitetar. Klatrepark v/stadion. Grillselskap laurdag og søndag ettermiddag. Trekning av gåvepremiar.  Cupdiskotek. 

    Serveringstilbod på Seljecup: Kiosk v/tribuna – Kafetelt v/skulen- Sal av grillmat laurdag og søndag ettermiddag 

    Seljecup skapar gode minner!     Velkommen til Seljecup!




    Kampoppsett Seljecup 2024, 14.-16.juni

    Postet av Selje IL den 2. Jun 2024

    Velkommen til Seljecup 2024!

    Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 28.gong. Påmeldinga til årets cup har vore større enn nokon gong. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd. Mange lag har stått på venteliste, og mange har dessverre ikkje fått plass pga. fullbooka i høve overnatting og/eller kampavvikling. Det deltek 174 lag totalt på årets cup, noko som er ny deltakarrekord. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 14.-16.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

    Det har vore særs utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

    Sjå kampoppsett Seljecup 2024, trykk på linken under:

    https://www.profixio.com/app/seljecup-2024 

    10 - 14år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 02.06.                                      Revidert oppsett utlagt 12.06. Endra oppsett i G13/14 pga. trekt lag                            + enkelte små endringar i G10, J10, G11, G12.   

    G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld. 

    G13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, serie + finalerunde på søndag.

    J13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, A-, B- og C-sluttspel på søndag.

    6 - 9år: Kampoppsett for "Kongleriket" søndag, er utlagt 10.06. 

    Kongleriket-turnering søndag 16.juni. 82 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-17.50.

    G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant, Kunstgras ved skulen. 

    G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion. 8år: bane 7-11.  9år: bane 12-14.

    med vennleg helsing

    Seljecup 2024

    Atle Solheim

    mail: post@seljefotball.no  

    (tlf. 992 47 687)