Stor gåve til prosjekt Seljetrappene
Postet av Selje IL den 4. Des 2024
Selje Idrettslag blir tildelt kr.425.000 til prosjekt "Seljetrappene". Gåvemidlane kjem etter søknad til DNT Sogn og Fjordane / Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
DNT: "Eg gjekk ein tur på stien, er eit prosjekt som skal jobbe for å legge til rette for utvikling av turruter i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle".
Overlevering av gåvesjekken vart gjort av ordførar Stad kommune Judith Kvåle og Arild Vonheim.
Selje IL takkar så mykje for den storstilte og kjærkomne gåva. Den kjem godt med for at vi skal få realisert prosjektet slik som planlagt.