Kategori
Seljecup er topp!
Postet av Selje IL den 24. Jun 2025
Seljecup 2025, 13.-15.juni, vart ein ny kjempesuksess og ei fantastisk cuphelg slik vi alle hadde håpa på. 173 lag frå 35 klubbar og ca. 1300 spelarar deltok på årets fotballfest.
Vi er glade og stolte over korleis arrangementet vart gjennomført, alt gjekk "på skinner" heile helga. Vi rettar ei stor takk til alle våre flinke dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det aldri gått. Til og med værgudane spelte på lag med oss, nokre regndropar på søndag formiddag la ingen dempar på cupfesten. Folk kosa seg på og rundt stadion, med bading på Seljesanden og alt anna som Selje hadde å by på.
Ei stor takk til sponsorar som støtta aksjon "Kampen mot barnedemens", slik at 800 armband kunne delast ut til deltakarar. I tillegg var det svært mange som kjøpte armband i løpet av cuphelga. Sjå videohelsing utlagt på Fjordenes Tidende: Sender ei spesiell helsing til cup-arrangørane - fjt.no
Vi rettar ei stor takk til Selje Hotel Invest som lånte oss gratis lokaler til overnatting, og til Stad kommune for lån av fleire kommunale bygg. Vi takkar alle deltakarlaga for god innsats og godt samarbeid. Vi set stor pris på alle dei flotte tilbakemeldingane som vi har fått på årets Seljecup.
Vi ynskjer hjarteleg velkommen til 30-årsjubileum: Seljecup 2026 12.-14.juni!