Invitasjon og påmelding Seljecup 2025, 13.-15.juni

Postet av Selje IL den 1. Mar 2025

SELJECUP 2025, 13.-15.juni: Selje Idrettslag har igjen gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 29.gong. Vi kan sjå tilbake på ei fantastisk cuphelg i 2024 med rekorddeltaking, 171 lag og over 1300 spelarar. Vi takkar for alle gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar som deltok. 

Vi har gleda av å invitere alle til ei ny flott cuphelg i Selje 13.-15.juni.

Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld... I fjor var det mange lag som dessverre ikkje fekk plass pga. sprengt kapasitet i høve overnatting og/eller kampavvikling.

Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2025!     Invitasjon Seljecup 2025.pdf

Påmelding, trykk på linken under:

https://www.profixio.com/app/seljecup-2025

Klasser 10-16år:  Har åpna for påmelding, sjå link over! Siste påmeldingsfrist 25.april. Hugs bestill A- eller C-kort ved påmelding. Påmeldingsavgift må betalast før laget er registrert. 

Klasser 6-9år "Kongleriket":  "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 15.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Eigen invitasjon vert sendt ut til klubbar/lag ca. 1.mai. Cupen er gratis for alle lag påmeldt NFF Sogn og Fjordane, avd. Nordfjord 2. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside. Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan tysdag 20.mai