12.09: Invitasjon til offisiell åpning av Risnakken-løypa 25.september
Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2010

Risnakken-trappa har blitt svært populær, og er utruleg mykje i bruk heile året. Arbeidet med løypa har pågått nærare to år. I desember i fjor var det ei flott markering, då lys i løypa og juletre på toppen vart tent.
Selje IL har bestemt at den offisielle åpninga av Risnakken-løypa blir lørdag
25.september. Det er nesten på dagen 7 år sidan siste store anleggsåpning i Selje, då kunstgrasbane med flomlys, trimløype med lys, rehab. fridrettsanlegg m.m. vart off. åpna.
Alle er hjarteleg velkomne til å ta del på åpninga av Risnakken-løypa. Ein særleg invitasjon til sponsorar, dugnadsfolk og andre bidragsytarar som har vore med i realiseringa av trappa.
Program:
Oppmøte/registrering ved klubbhuset frå kl.14.00 for alle som skal gå rebusløp, kr.50,- inkl. Risnakken t-skjorta.
kl.14.45: Alle går "tog" frå klubbhuset til løypa.
kl.15.00: Off. åpning/samling ved trappefoten
Etterpå: Rebussti/naturløype opp trappa - ned skogen - tilbake til klubbhuset
kl.16.00: Kaffi og kaker i klubbhuset
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.