Kampoppsett Seljecup 2025, 13.-15.juni
Postet av Selje IL den 1. Jun 2025
Velkommen til Seljecup 2025!
Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 29.gong. Påmeldinga til årets cup har vore rekordstor. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd er. Mange lag har stått på venteliste, og mange har dessverre ikkje fått plass pga. fullbooka i høve overnatting og/eller kampavvikling. Totalt ca.170lag, i klasser frå 6-14år, deltek på årets Seljecup. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 13.-15.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne.
Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!
Sjå kampoppsett Seljecup 2025, trykk på linken under:
https://www.profixio.com/app/seljecup-2025
10 - 14år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 01.06.
G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld.
G13, G14, J13, J14: Seriespel og avsluttande finale/bronsefinale. Sjå info. utsendt til laga pr. mail 01.06.
6 - 9år: Vi tek sikte på å legge ut kampoppsett for "Kongleriket" 6-9år mot slutten av veke 23.
Kongleriket-turnering søndag 15.juni. Over 80 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-ca.17.50.
G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant. Kunstgras ved skulen.
G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion.
med vennleg helsing
for Seljecup 2025
Atle Solheim
mail: post@seljefotball.no
(tlf. 992 47 687)
Siste fra Selje IL
Årsmøte 2025 - saksliste og saksdokumenter
11.03.2025

Stor gåve til prosjekt Seljetrappene
04.12.2024
Seljecup 2025, 13.-15.juni
03.12.2024