18.08: Selje Tine Fotballskule 30.-31.august
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Aug 2013
Selje IL arrangerer i år Tine-Fotballskule for 9.gong. Dato for årets fotballskule er fredag 30.august og laurdag 31.august. I år vil instruktørar/spelarar frå tippeligalaget Sogndaldelta. Påmeldingsfrist mandag 26.august. Påmelding: ninarefvik@hotmail.com / tlf: 47 86 18 92. Meir info. og påmelding, les under.....
TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald. Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 9.gong på rad.
Vi har igjen gleda av å invitere til:
SELJE TINE-FOTBALLSKULE
fredag 30.august kl. 17.30-20.30
lørdag 31.august kl. 12.00-16.00
Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2006) til og med 15 år (10.klasse, f.1998)
Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Umbro-fotball + mat begge dagar.
Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule. Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!
Påmelding: Påmeldingsfrist seinast innan mandag 26.august!
Bindande påmelding, ”først til mølla….” Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.
I samarbeid med vår hovudsponsor Sparebanken Vest, vil instruktørar/ spelarar frå tippeligalaget Sogndal delta på vår fotballskule.
For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no
Påmelding:
ninarefvik@hotmail.com eller tlf./sms: tlf. 47 86 18 92 …………………………………………………………………………………………
Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2013
Påmeldingsfrist: mandag 26.august!
Namn |
|
Fødselsår |
|
Klubb |
|
Spelar- eller keepergruppe |
|
Mobiltlf. |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024