27.06: Supporterkamp "Liverpool-Man U." 13.juli
Postet av Selje IL - Fotball den 27. Jun 2013
Laurdag 13.juli kl.15.00 brakar det laust! Då blir det storkamp på Selje Idrettspark, når "gamle Selje-stjerner" møtest til vennskapleg supporterkamp Liverpool-Manchester United. Initiativtakar og kontaktpersonar er Runar (Man U) og Andreas (Liverpool). Visst du ikkje har fått invitasjon/ynskjer å delta, er det berre å ta kontakt visst du oppfyller krava: Har spelt minst 1 kamp for Selje, har ikkje spelt seriefotball i år, og er Liverpool eller Man U.-supportar. Les meir under....
"Primus motor" for arrangementet, Runar seier vidare: "Tanken min er at dette skal bli ein årleg happening, med litt sosialt etterpå. Det blir quiz og pizza etter kampen....".
Runar har reist til sydlegare breiddegrader for å ladde opp til kampen og melder på SMS: "Ellers kan eg nemne at det er meget gode treningsforhold her på Sunny Beach...."
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024