28.09: Selje-Florø2, 1-2
Postet av Selje IL - Fotball den 28. Sep 2012
Seljetrenar Idar Taklo sa dette etter kampen: "Vi gjennomførte ein god kamp. Eg er stolt av gutane og den jobben dei gjer. Ramma rundt "Månadens FairPlay-kamp" var den aller beste, og kampen vart ei fin oppleving trass tap. Det var fin stemning både på og utanfor bana, og samling både før og etter kampen".
Selje sin kaptein Martin Hove gratulerer Florø2 som avdelingsvinnarar i 5.div.
"Ut frå sjansane og jobben som vi la ned, hadde vi fortent poeng i dag. Vi hang godt med, sjølv om Florø2 hadde ballen mest. Vi prøvde å spele fotball langs bakken, og spelte til tider bra. Vi kunne gjerne leia til pause med store sjansar, som bl.a. stolpeskotet til Joachim og ei annulert scoring. Silviu scora eit fint mål og vi tok leiinga. Dessverre kom scoringa i mot litt for kjapt, hadde vi klart å stå i mot litt til kunne det gått veien. Florø2 stilte med eit ungt lag, og det same gjaldt oss som brukte fem guttespelarar i løpet av kampen. Deriblant Ole Johnny som stod ein god kamp i mål".
"Vi er godt fornøgde med sesongen 2012. Med 4.plass og 29 poeng har vi nådd målsetjinga som vi sette oss då vi starta opp i januar", seier ein nøgd Seljetrenar etter siste seriekampen for i år.
"Dagens Selje-maskotar"
1-0 Silviu Iacob (flott heading via tverrliggar)
1-1 Florø
1-2 Florø
Seljes lag: Ole Johnny Hoddevik, Vegard Elde, Martin Hove, Espen Nøstdal, Runar T. Aarsheim, Joachim Refvik, Saron Osmundsvåg, Silviu Iacob (Aleksander Kvernevik), Are Berstad (Jonas Beitveit), Frode Nøstdal (Johannes Osmundsvåg), Alexander Hove (Martin Grøttå).
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik
Dommar: Muhammet Barlla
Ass.dommarar: Ronny Stian Hopland og Stein-Otto Førde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024