16.08: Barnefotballkveld i Selje onsdag 22.08 kl.18-20
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Aug 2012

Barnefotballkveld i Selje
ONSDAG 22.august 2012, kl.18-20
I samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerar Selje IL- Fotball: Barnefotballkveld onsdag 22.august, kl.18.00-20.00 |
Invitasjonen går til alle trenarar, oppmenn og andre i Selje IL. Klubbar i Ytre Nordfjord vert med dette også inviterte: Flatraket IL, Stadlandet IL, TornadoMåløy FK, Skavøypoll IL, Bremanger IL. SFFK/NFF har dei siste åra fokusert på eit ”løft” for barnefotballen, aldersgruppa 6-12 år. I den samanheng er klubbane utfordra til å gjennomføre ein barnefotballkveld der m.a.: organisering, innhald, treningsmengde i barnefotballen står i fokus. Det er 3.året på rad at Selje IL arrangerer barnefotballkveld. Dette vert ein kveld med både teori og praksis. Ein startar med teoridelen før ein går på bana og køyrer ei praksisøkt med spelarar fødd 2001 som objekt. NB! Alle klubbar som stiller vert inviterte til å ta med seg ca.3 spelarar gutar/jenter fødd 2001 som objekt. Johann Sigurdsson var i Selje på barnefotballkveld sist gong i 2010. Vi er trygge på at han også denne gongen vil gje alle deltakarar ein lærerik og god barnefotballkveld. Program: 1. Oppstart/teoriøkt i klubbhuset 2. Trening/praksis på bana 3. Oppsummering/avslutning
Instruktør: Johann Sigurdsson, Stryn TIL Påmelding: seljeil@online.no eller tlf. 99247687 innan tysdag 21.08
Vi håpar på stor oppslutning på barnefotballkvelden også i år! Velkommen! |
Selje 16.08.12
for Selje IL, Fotball
Atle Solheim
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024