28.05: Selje-Stryn 2, 1-3
Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mai 2012
Tor Erik Selvik debuterte som keeper for Selje idag. Selje var best det meste av 1.omgang. Etter 15min scora Selje ved Joachim Refvik, men målet vart korrekt annulert. Etter 27min var Martin Grøttå gjennom, men skotet gjekk i stolpen og til keeper. Stryn 2 kunne gå til pause med 1-0 etter scoring etter 35min.
Selje greidde å utlikne til 1-1 i det 60min. Scoringa kom etter corner, og der Jan Vidar Smenes var sist på ballen i mølje framfor mål. Men Stryn 2 kvitterte kjapt og tok leiinga igjen i det 69.min. Derifrå og inn greidde ikkje Selje å sette det store trykket og det vart Stryn 2 som gjekk opp til 3-1 etter 86min.
Seljetrenar Ola Hove var godt fornøgd med 1.omgangen: "Då hang vi godt med, viste mykje bra spel, og hadde nok sjansar til å komme i føringa. I staden fekk Stryn 2 ei scoring, så det var litt surt å ligge under til pause. Vi kom bra i gong også i 2.omgang, og greidde å utlikne. Men så kvitterte Stryn raskt, og då mista vi litt trykket og det vart større avstandar i laget. Eg føler at dette var ein kamp der vi kunne plukka med oss poeng, men Stryn scora tre og vi berre ein gong, så då blir det tap", seier Ola Hove.
Kampfakta:
0-1 35min Olve Øvstetun
1-1 60min Jan Vidar Smenes
1-2 69min Erling Myklebust
1-3 86min Petter Hammer
Seljes lag: Tor Erik Selvik, Aleksander Kvernevik, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Andreas Teigen, Martin Hove, Are Berstad, Martin Grøttå (Frode Nøstdal frå 58min), Saron Osmundsvåg (Espen P. Aahjem frå 78min), Jan Vidar Smenes, Joachim Refvik.
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen Nøstdal
Dommar: Per Oddvar Lien (IL Høyang)
Ass.dommarar: Andreas Sandal (Haugen IL), Sureskumar Kathiravel (Eid IL)
Tilskodartal: 97
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024