04.05: Flott innsats på 1.mai-løpet
Postet av Selje IL - Fotball den 4. Mai 2011
Det tradisjonsrike 1.mai-løpet på Åheim, samla også i år mange deltakarar. Frå Selje IL deltok denne blide gjengen, med svært bra resultat....les meir under.... (foto: Bente Berstad)
Det var litt færre deltakarar på 1.mailøpet i år (konfirmasjon/søndag), men Selje fekk skryt av speaker for stor delegasjon – spesielt i klasse for gutar 14 år.
Selje IL hadde med: Einar Tobias Hoddevik (3.klasse), Mikal Osmundsvåg (4.klasse), Emil Giljanovic og Ingo da Silva (7.klasse), samt 6 gutar frå 8.klasse; Ole Johnny Hoddevik, Andreas Olav Hoddevik, Kristoffer Aam Hamre, Sondre Pileberg Aahjem, Johannes Osmundsvåg og Are Berstad, samt Jan Petter Venøy i menn senior.
Flott innsats av Selje-gutane; 2.plass i gutar 9 år (3.klasse), 1.plass i gutar 10 år (4.klasse, 1. og 2.plass i gutar 13 år (7.klasse) og 1. og 2.plass i gutar 14 år.
I løpet til gutar 14 år var det ein spennande spurt mellom Ole Johnny og Are, og dei sprang inn til dei beste tidene som har vore i den klassa på mange år (eller i det heile tatt?), 02.16min. var vinnartida til Are.
Linken til resultatlista på 1.mai-løpet er: http://www.folkeweb.net/aaheim2#cid=1
Det vil bli lagt inn bilder frå 1.mai-løpet etter kvart på heimesida til Åheim IL: www.aaheim.no – leit under ”Friidrett” og ”1.mailøpet”.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024