07.04: Barnefotballkveld i Selje tysdag 13.april
Postet av Selje IL - Fotball den 7. Apr 2010
Barnefotballkveld Selje tysdag 13. april
I samarbeid med SFFK og NFF arrangerar Selje IL- Fotball: Barnefotballkveld tysdag 13.april, kl.18.00-20.00
|
Invitasjonen går til alle trenarar/lagleiarar i klubben, men spesielt fokus på klassane 6 - 12 år. Flatraket IL og Stadlandet IL vert også inviterte.
SFFK og NFF skal gjennomføre eit ”løft” for barnefotballen i 2010. I den samanheng vil Sogn og Fjordane Fotballkrets ut i alle kommunar i fylket og gjennomføre ein barnefotballkveld der m.a.: organisering, innhald, treningsmengde i barnefotballen står i fokus.
SFFK legg opp til eit opplegg med over 20 barnefotballkveldar rundt om i kretsen. Det vil seie at alle klubbar skal få høve til å delta på dette opplegget.
Det vert ein kveld med både teori og praksis. Ein startar med teoridelen før ein går på bana og køyrer ei praksisøkt med lille-gut/jente spelarar som objekt. SFFK stiller med instruktørar og arrangørklubbane stiller med teorirom og bane til praksisen.
Program: Teori: kl 18.00-18.15 Trening/praksis: kl 18.15-19.30 Oppsummering/avslutning: kl 19.30-20.00 Instruktør: Johann Sigurdsson, Stryn T&IL
Påmelding til seljeil@online.noeller tlf. 99247687 innan 11. april Hjarteleg velkommen! |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024