08.04: Seriestart 4.div. på laurdag
Postet av Selje IL - Fotball den 8. Apr 2010
Kampen på laurdag er flytta fram frå 4.serierunde. Dette var noko klubbane vart einige om på terminlistemøtet i januar, og som kretsen godkjende.
Vi har snakka med trenar Idar Taklo før seriestarten.......
"Vi har hatt ein vanskeleg treningsvinter. Vi har mange spelarar som bur eller jobbar vekke. Difor vert det periodevis få på trening, og det er det vanskeleg å få samla laget. Dette er ikkje ideelt, men lite vi kan gjere med", seier Taklo.
"Vi har spelt 3 treningskampar: seier 4-1 mot Åheim, tap 1-4 mot Gursken/Larsnes og seier 2-0 mot Eid2. Sjølv om vi ikkje har fått trent så mykje i lag, har vi likevel prestert bra i desse kampane", meiner Taklo.
Selje har mista fleire sentrale spelarar frå i fjor. Av nye spelarar sidan i fjor har særleg Severin Rokne gjort eit godt inntrykk.
"Framfor seriepremieren manglar vi nokre, bl.a Martin Hove som braut nasebeinet i kampen mot Eid2 i påska. Bortekamp mot Askvoll/Holmedal er alltid vanskelege kampar. Sjølv om sesongførebuingane ikkje har vore slik vi skulle ynskje, reiser vi likevel til kampen med håp om seier", seier Seljetrenaren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024