07.12: Lysløype og julegran Risnakken
Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2009
Det vart ei fin markering av at lysløypa og juletreet på Risnakken er tent. Det var stint av folk som samla seg utanfor Selje Hotel, med utsikt rett mot lysløypa og juletreet på Risnakken.
Stor takk til alle som bidrog og gjorde dette til ei kjekk stund: skulekorpset og drillen, Coop Prix og Selje Hotel som sytte for gløgg og brus.
Ei stor takk går også til dei to "dugnadsbasane" i prosjektgruppa: Harald Myklebust og Gunnar Silden. Dei to fekk Selje IL-tursekk som takk for innsatsen så langt.
Etter orientering om prosjektet ved den tredje i prosjektgruppa, Atle Solheim, talde alle i kor ned til 0 og julegrana vart tent til stor applaus frå alle frammøtte. Risnakk-løypa er med og gjev aktivitet og trivsel, og har hatt utruleg mange besøkande sidan stien begynte å ta form.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024