10.10: Seljetrenar Idar Taklo før serieavslutninga
Postet av Selje IL - Fotball den 10. Okt 2009
![]() |
Foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no |
Selje har god grunn til å vere fornøgde med sesongen, same korleis det går mot Saga i morgon, seier Taklo. Vi sikra 3.plassen sist helg, så årets sesong har vore ein suksess, uavhengig av om vi kaprar 2.plass og opprykk eller ikkje.
"Eg er heilt avslappa i forhold til situasjonen, men det hadde nok vore annleis om det var vi som var i førarsetet. Dette er ikkje i våre hender og eg trur at Sandane sikrar opprykket i morgon. Dei har levert så bra i haust at det vil overraske om dei feilar....... men i fotball kan alt skje", seier Taklo.
Vi må berre fokusere på vår jobb, og det er å gå for tre poeng mot Saga. Men vi veit at dette er ein vanskeleg bortekamp, for Saga har også vore sterke i haust.
Vi hadde eit svært vanskeleg utgangspunkt før årets sesong. Det var i forkant av sesongen stor usikkerheit om kva spelarstall vi ville få tilgjengeleg. Men viktige brikker datt på plass etter kvart, og vi gjorde ein vårsesong i overkant av dei forventningane vi hadde. I haust har vi nådd målsettinga om å ta endå fleire poeng og score fleire mål enn i vårsesongen. Vi har variert i kvalitet og prestasjonar i løpet av året. Det har hatt samanheng med kva spelarar vi har hatt disponible, og det at vi har mange spelarar som bur borte vanskeleggjer treningsarbeidet.
Uansett korleis det går i morgon, vil vi som klubb vere kjempefornøgde med tredjeplassen vi har sikra, i staden for å vere misfornøgd med andreplassen vi ikkje fekk, seier Taklo.
Det er alltid kjekt å vinne fotballkampar, og vi håpar på ein ny seier mot Saga. Dersom så skulle skje at vi vinn og Sandane avgjer poeng, slik at det blir vi som rykkjer opp i Firdaligaen er det ei utfordring som klubben må ta. Men det får vi eventuelt ta igjen søndag ettermiddag, avsluttar Seljetrenar Idar Taklo.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024