Selje slo Lærdal på bortebane
Postet av Selje IL - Fotball den 22. Jun 2009
Selje vann 4-2 borte mot Lærdal på laurdag, etter 1-1 ved pause. Frode Nøstdal utlikna til 1-1 like før pause. Endre Kupen vart dagens spelar med sine tre scoringar.
Seljetrenar Idar Taklo var ikkje fornøgd etter 1.omgang, der Selje var heldige som kunne gå til pause på stillinga 1-1. Men Selje nytta pausen godt og la litt om på laget til 2.omgang. Det gav raskt resultat. Selje var best i denne omgangen og skapte mange sjansar i tillegg til måla.
Idar Taklo var svært fornøgd etter kampen og glad for ein ny seier. "Heile laget løfta seg og vi gjorde ein svært bra 2.omgang. Endre Kupen var fantastisk i dag, med sine tre scoringar. Ellers vil eg trekkje fram midtbana vår med Frode Nøstdal og Ole Andreas Solheim", seier Idar Taklo.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen (Espen Nøstdal frå 46min), Andre Kupen, Martin Hove, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim (Saron Osmundsvåg frå 75min), Kristoffer Nøstdal, Joachim Refvik, Endre Kupen (Anders D. Rekdal frå 85min).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024