26.04: Sigeren glapp i sluttsekunda, Selje-Dale 1-1
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Apr 2009
Banespelet var likeleg fordelt i 1.omgang, men Selje var nærmast scoring og burde leia ved pause. Endre Kupen hadde fleire sjansar og vart spelt åleine i gjennom etter 18min, men keeper fekk slått skotet til corner. Ti minutt seinare kom han igjen gjennom, men skotet gjekk like til side for stolpen. Dale sin største sjanse kom etter 43min, eit skot frå 16meteren like utanfor stanga. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0-0.
Selje starta friskt i 2.omgang. Berre etter to minutt kom Endre Kupen ned til dødlinja, og slo hardt inn framfor mål. Werner Kupen var centimeter frå å få støvelen på ballen rett framfor mål. Etter 5min var Endre Kupen på eit raid inn i Dale sin sekstenmeter, og vart felt. Straffesparket sette Ole Andreas Solheim sikkert i mål.
Utover omgangen vart Selje pressa meir og meir bakover på bana. Dale styrte spelet, men sleit med å komme til store sjansar. Selje forsvara seg godt og bakerst var Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim sikker og god. Like før slutt såg dei fleste ballen i mål, men Tom-Øyvind gjorde ei kjemperedning og avverga skotet frå kort hald. Dale pressa på, men det såg ut som Selje skulle greie å ri stormen av. I kampens siste angrep, heile 4 1/2 minutt på overtid, glapp sigeren. Dale fekk slått inn i feltet, og i mølja framfor mål, vart ballen heada i tverrliggaren og inn bak målstreken. Bittert når ein var så nær 3 poeng, men Dale hadde overtaket det meste av 2.omgang og fekk til slutt utteljing.
Dagens Seljespelar (kåra av jury): delt mellom Tom-Øyvind Solheim, Ole Andreas Solheim
Publikumstal: 91
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Martin Hove, Andre Kupen, Andreas Teigen (Joachim L. Træet etter 90min), Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Runar Aarsheim (Espen Nøstdal etter 64min), Kristoffer Nøstdal (Aleksander Kvernevik etter 77min), Werner Kupen (Runar Nøstdal etter 87min), Endre Kupen.
Andre innbyttarar: Anders D. Rekdal, Christian V. Sneide, Alexander Hove, Saron Osmundsvåg.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024