19.04: Seier i serieopninga mot Førde 2
Postet av Selje IL - Fotball den 19. Apr 2009
Selje kom best i gong, og var best i fyrste omgang. Etter 15min scora Endre Kupen kampens einaste mål frå 2-3meters hald. Målet kom etter eit godt angrep på høgresida, der Ole Andreas Solheim avslutta med å runde keeper og servere ballen på "sølvfat".
Selje hadde tre gode sjansar til i omgangen, men Førde hadde kanskje den aller største. Fortent leiing til pause.
Førde kom sterkare utover 2.omgang og Selje vart trykte bakover siste halvtimen. Selje hadde ein kjempesjanse etter 53min. der ein ikkje fekk ballen over målstreken. Endre Kupen ville ha straffe her, etter at keeper hindra han i det han la an til skot.
Gutane vart slitne utover kampen, seier Seljetrenar Idar Taklo. Han rosar heile laget for seieren. Selje stod godt i mot i presset siste halvtimen, og rodde i land seieren. Alle la ned ein fantastisk jobb, seier Idar Taklo.
Dermed har Selje fått ein god start på årets sesong.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Andre Kupen, Andreas Teigen (85min Runar Nøstdal), Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Frode Nøstdal, Runar Aarsheim (75min Kristoffer Nøstdal), Aleksander Kvernevik (65min Espen Nøstdal), Endre Kupen, Werner Kupen.
Andre reservar: Joachim L. Træet, Anders D. Rekdal
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024