23.07: Småjentelaget til Norwaycup
Postet av Selje IL - Fotball den 23. Jul 2008
Selje sitt småjentelag deltek på årets Norwaycup. Laget er påmeldt med 7-ar lag i jenter 14-klassen. Laget leiar si avdeling i serien, og har gjort det godt på cupar som dei har delteke på......Les meir under...
Selje sine småjenter har full pott i serien så langt, og har gjort det skarpt på cupane i år. Siste seier til laget kom i Seljecup i klasse J14 i juni, der bildet ovanfor var teke.
Ellers har laget jobba mykje dugnad i løpet av året, som har gjeve gode inntekter. Flott innsats!
Desse spelarane er med: Laila Cathrin Hoddevik, Hanne Bortne, Elise Sætren, Live Åhjem, Susanne Aarsheim, Vilde Træet, Sandra Rye, Sofie Hove, Tone Helen Røyset, Anna Stevenson, Karoline Liseth.
Leiarar som er med: Nina Refvik, Johnny Træet, Merethe K. Aarsheim, Vivian N. Sætren.
Vi ynskjer laget god tur, og lukke til på Norwaycup!
Innleiande kampar:
Søndag 27.juli kl. 11.30 Selje-Målselv
Mandag 28.juli kl.11.30 Selje-Frigg/Oslo
Tysdag 29.juli kl.17.30 Selje-Torvastad
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024