28.05: Firdaligaen: Selje-Florø laurdag kl.15.00
Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mai 2008
Etter ein god start av sesongen, har poengfangsten vorte mager for Selje dei siste vekene. Laget har hatt problem den siste tida med å mønstre sitt sterkaste mannskap, pga. jobb, eksamen, karantene og sjukdom. Dette er noko som ein har vore førebudd på ville oppstå, men som like fullt er ei av dei store utfordringane ein har på små plassar som Selje.
Men det har på same tid gitt nye spelarar sjansen å få prøve seg. Sist helg spelte m.a. to gutespelarar frå start: Joachim Refvik spelte sin andre kamp for sesongen. Aleksander Kvernevik debuterte i seriekamp, og begge gjorde ein god innsats.
Selje står framleis med 5 poeng. Skal Selje ha håp om poeng i kampen mot Florø, må laget spele opp mot sitt beste. Men Selje har vist før, spesielt på heimebane, at alt er mogeleg...... Så sjølv om Florø må finne seg i favorittstempelet, så er ballen heldigvis framleis rund...... Vel møtt til kamp på Selje Idrettspark!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024