04.09: Trafikk-sikringskurs fredag 7.sept
Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2007
Selje IL, Fotball arrangerer "Sikringskurs i bil", for trenarar/leiarar/seniorspelarar/andre, fredag 7.sept. kl. 18.00 på Selje skule. Dette skjer i samarbeid med Trafikkstasjonen på N.eid, og er ei oppfølgjing av klubbens tiltaksplan for trafikk-trygging (sjå under).
Tiltaksplan for
Selje IL, Fotballgruppa
”Klubben vår og trygg transport”
TRAFIKKTRYGGINGSPLAN
frå 2007
SFFK har i samarbeid med Statens Vegvesen i fleire år hatt tiltak retta mot å auke tryggleiken i samband med kampar og trening. Målet er 0 skadde, 0 drepne.
Selje IL, Fotball har inngått avtale med SFFK og fadderklubb Eid IL om å sette auka fokus på trafikktrygging frå og med sesongen 2006. I samband med dette har klubben utarbeida ein trafikktryggingsplan, som skal gjelde for alle lag i klubben.
Tiltaka i planen vil venteleg auke bevisstgjeringa rundt trafikktryggleik, og verke haldningsskapande både blant dei aktive, foreldre og andre som er i klubben.
Aldersfastlagde klasser 11-16 år:
Etter kvart, og seinast frå sesongen 2008, skal trafikktryggingsplanen gjerast gjeldande også for miniklasser 7-10 år.
* Ved køyring til kamp eller turnering skal:
- laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport
- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid
- bilane køyre samla
- alle vere sikra med bilbelte
- førar ha hatt sertifikat i minst 1 år
- ikkje sette barn under
* Treningar/heimekampar:
I mørketida haust/vinter stiller lagleiar/trenar krav om at dei som:
- går har på refleks/refleksvest når det er mørkt
- syklar brukar sykkelhjelm og brukar lys når det er mørkt
Lagleiarar skal utføre uanmeldt kontroll på oppfølgjing av reglane etter fastsett plan.
Visst ikkje utøvaren kan oppfylle krava sjølv, er det foreldretransport.
- klubben tilpassar så langt råd treningstider mellom kl.17.00-19.30, slik at dei høver med buss til/frå Flatraket
Seniorklasser:
* Spelarar deltek på sikringskurs i regi av trafikkstasjonen
* Ved køyring til kamp eller turnering skal:
- laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport
- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid
- bilane køyre samla
- alle vere sikra med bilbelte
- førar ha hatt sertifikat i minst 1 år
- det nyttast buss/maxitaxi ved lengre reiser, evt. i kombinasjon med privatbilar
* Treningar/heimekampar:
- ha fokus på trygg transport og sikring
Klubben:
* invitere alle lagleiarar/trenarar til kurset ”Sikring i bil” i regi av trafikkstasjonen før sesongstart 2007. Ved skifte av lagleiarar/trenarar skal desse få tilbod om kurset. Klubben arrangerer kurs ved behov.
* alle privatsjåførar får utdelt transportskjema slik at dei vert fokusert på sikring
* trafikktryggingsplan og reglar som gjeld for klubben skal delast ut til alle lagleiarar/trenarar
* informasjon om trafikktryggingsarbeidet i klubben takast med i sesongheftet og leggast ut på klubbens heimeside
* inviterer Statens Vegvesen til stand i samband med Seljecup
* styret i Fotballgruppa, i samarbeid med ansvarleg kontaktperson, har det overordna ansvar for planen
Selje 6.oktober 2006 for styret
Selje IL, Fotballgruppa
Atle Solheim
-leiar-
Selje IL, Fotball 2007
Transportskjema til kampar og turnering:
Gruppe/lag:________________________________
Transportdato:__________________
Kampstad:_________________________________
Privatbilar_________ Taxi_________ Buss___________
Ved foreldretransport/privatbilar, antal køyretøy:__________________
Namn på sjåførar: ___________________________________________
___________________________________________
___________________________________________
___________________________________________
___________________________________________
___________________________________________
Har alle sjåførar fått informasjon om køyreinstruks? JA______ NEI______
Aldersfastlagde klasser 11-16 år:
* Ved køyring til kamp eller turnering skal:
- laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport
- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid
- bilane køyre samla
- alle vere sikra med bilbelte*
- førar ha hatt sertifikat i minst 1 år
- ikkje sette barn under
Seniorklasser:
* Ved køyring til kamp eller turnering skal:
- laget ha ansvarleg koordinator for køyreliste/transport
- det bereknast god tid med avreise til avtalt tid
- bilane køyre samla
- alle vere sikra med bilbelte*
- førar ha hatt sertifikat i minst 1 år
- det nyttast buss/maxitaxi ved lengre reiser, evt. i kombinasjon med privatbilar
* Bilbeltebruk: - ikkje plassere trepunktsbeltet under armen
- ikkje plassere trepunktsbeltet bak ryggen
- etterstramme beltet slik at beltet ligg tett inntil kroppen, over hoftekammen og over skuldra
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024