13.03: Flaskeinnsamling Selje IL mandag 26. mars
Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mar 2007
TIL FORELDRE OG SPELARAR
I SELJE IDRETTSLAG
Vi vil no prøve noko nytt, innsamling av tomflasker, i staden for alle kakelotteria. Dette har gjeve gode resultat i andre idrettslag i nærleiken.
Dette har vi lagt til: mandag 26.mars kl.18.00-20.00
Vi treng foreldre med bil, som kan køyre spelarane rundt på inndelte ruter. Flaskene skal leverast på COOP. Der vil det vere folk frå B/U-gruppa som tek i mot flaskene frå kl. 18.00-20.00.
Vi legg ved oversikt over rutene der oppgåvene er fordelt. Er det nokon det ikkje passar for, ber vi om at de skaffar andre til å gjere jobben.
Det ligg ved legitimasjonskort som spelarane skal vise fram under innsamlinga.
NB! Legitimasjonskorta skal innleverast til B/U-gruppa saman med flaskene.
Med helsing
Barne- og Ungdomsgruppa i Selje IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024