10.03: Tony Farell, Everton, i Nordfjorhallen 16.mars
Postet av Selje IL - Fotball den 10. Mar 2007
Impulskurs med Tony Farrell frå Everton FC
28.2.2007 av Per Are Verlo
SFFK er særs nøgde med å kunne tilby impulskurs med Tony "Tosh" Farrell frå akademiet til Everton FC.
IMPULSKURS MED TONY FARRELL
SFFK har gleda av å invitere alle fotballinteresserte til impulskurs med den engelske trenaren
”Tosh” har ansvar for Everton FC sine akademilag under 14 år. Han har blant anna vore med på å utvikla spelarar som Wayne Rooney gjennom Everton FC sitt akademi. Everton-akademiet er eit av dei aller beste akademiene i England. ”Tosh” er ein særs etterspurd instruktør og reiser verden rundt for å instruere ungdommar og snakke om "The Everton way". SFFK er glade for at han valgte å sei ja til vår invitasjon.
”Tosh” har gjennom si erfaring med unge spelarar utvikla ein unik måte å ”coache” spelarar på. Det å oppleve han på treningsfeltet er utruleg spennande. SFFK håpar at så mange som mogeleg av dei fotballinteresserte i Sogn og Fjordane møter opp for å få impulsar frå denne engasjerte engelske trenaren.
"Tosh" i aksjon på treningsfeltet. Foto: Ivar Thoresen, Fotballtreneren
SFFK satsar på 3 impulskurs med ”Tosh” gjennom dei dagane han er i Sogn og Fjordane. Desse kursa er:
FREDAG 16/3 KL. 19.30, Nordfjordhallen i Måløy
LØRDAG 17/3 KL. 13.00 Florø, Florø Idrettsenter og kunstgrasbana
SØNDAG 18/3 KL. 13.00 Sogndal, Auditoriet Campus Fosshaugane og Sognahallen.
Kursa er lagt opp med ein teoridel på ca 45 min og praksisøkt på 1,5 time i etterkant.
Deltakaravgift vert kr 250,- pr deltakar.
Påmelding til SFFK v/Per Are Verlo på mail: perare.verlo@fotball.no
eller tlf 57628706 / 911835
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024