25.09: G13/14: Smågutane vann 8-4 over Bremanger
Postet av Selje IL - Fotball den 25. Sep 2006
Blide smågutar etter sigeren over Bremanger i kveld.
Det vart målfest i flomlyset i Selje Idrettspark i kveld, der heimelaget scora heile 8 mål, medan gjestane frå Bremanger scora 4. Periodevis fint angrepsspel av heimelaget. Laget leia ei stund i 2.omgang 7-1, men litt ukonsentrert spel gjorde at Bremanger i løpet av kort tid fekk 3 mål. Men alt i alt ein god kamp av småguttelaget.
Målscorarar: Aleksander Kvernevik 5, Joachim L. Træet 2 og Kristoffer Nøstdal 1
Seljes lag på bildet: Frank Robert Åhjem, Aleksander Kvernevik, Runar Årvik, Mette Riksfjord, Kristoffer Nøstdal, Birgitte Flølo, Joachim L. Træet, Lars Johannes Gjerde, Øyvind Amdam, Joachim Refvik, Øyvind Støverstein, Håkon Eltvik, Erling Amdam, Asle Jørgensen, Christian V. Sneide (Andreas V. Liseth ikkje med i dag). Trenar Johnny Træet og oppmann Nina Refvik (dei andre trenarane John Kvernevik og Frode Nøstdal ikkje til stades).
Småguttelaget har i haust spelt 6 kampar. Det har resultert 10 poeng (3 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap). Målskildnaden er 18-18. Laget ligg på 2.plass på tabellen bak Skavøypoll. I siste kamp ventar Loen/Olden på bortebane. Eit lag som må slåast om Selje skal behalde 2.plassen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024