23.10: Seljejentene tapte KM-finalen mot Høyang
Postet av Selje IL - Fotball den 23. Okt 2007
Selje sitt J15/16 lag tapte i kveld 6-2 på heimebane mot Høyang. Stillinga ved pause var 0-2. Seljejentene kjempa tappert, men Høyang vann til slutt ein fortent seier.
Selje måtte vinne dagens kamp etter at laget på laurdag spelte 6-6 mot Jotun på bortebane, medan Høyang hadde vunne 4-3 mot Jotun i sin fyrste kamp.
Kampen var forholdsvis jamnspelt dei fyrste 20 minutta. Men Høyang festa meir og meir grepet og skapte flest sjansar. Dei kunne gå til pause med fortent 2-0 leiing.
Selje hadde også sine sjansar, men vart pressa bakpå av eit godt Høyang lag. I ein god Selje-periode, vart dessverre Susanne Vatnehol alvorleg skada i kneet. Ho vart frakta til sjukehus i ambulanse. Vi ynskjer Susanne god betring!
Seljelaget var svekka etter at Susanne måtte gå av bana, og Høyang skapte mange sjansar utover. Men Seljejentene kjempa tappert og gav aldri opp. Det resulterte i to mål, begge av Birgitte Flølo.
Selje IL-Fotball gratulerer Høyang med KM, og gratulerer Seljejentene med ein flott sesong, der laget nok ein gong har klart å spele seg fram til KM-sluttspel. Flott innsats!
Seljes lag: Marthe H. Owesen, Beate Hove, Susanne Vatnehol, Janett Kupen, Sofie Sandvik Flataker, Birgitte Flølo, Mette Riksfjord, Eirin Hatlenes, Elise Sætren, Susanne Aarsheim, Vilde L. Træet (ikkje med i dag: Sonja Riksfjord og Karoline Hamre)
Kampfakta:
0-1 25min Stine Hovland
0-2 32min Stine Hovland
0-3 42min Karin Marie Eldevik
1-3 48min Birgitte Flølo (straffe)
1-4 55min Stine Hovland
1-5 60min Malin Fjæren
1-6 66min Malin Fjæren
2-6 78min Birgitte Flølo
Dommar: Jan Magne Eide
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024