23.06: Selje tapte toppkampen mot Skavøypoll
Postet av Selje IL - Fotball den 23. Jun 2007
Skavøypoll opna best om kom i føringa alt i det 9 minutt, etter scoring av Torstein Rutledal. 0-2 kom etter 41 min ved Stian Åmelfot.
Skavøypoll var klart best, og Selje var med på notane berre i periodar av kampen. Bra Seljeperiode i starten av 2.omgang, men utteljinga kom ikkje. Då gjekk det som det ofte går i fotball. Motstandaren scorar. Børge Yndestad sette inn 0-3 til Skavøypoll etter 58 min, og då var kampen køyrd.
Kim Andre Gangeskar avslutta scoringane, då han sette inn straffespark etter 74 min.
Skavøypoll vann ein fortent siger i dag, og var betre enn Selje i det meste av kampen. Selje lukkast ikkje offensivt, og slepp Skavøypoll for lett til bakover på bana.
Selje mangla mange av sine faste spelarar til denne kampen, og det forklarer nok ein del. Det er berre å brette opp ermane til neste helg, når Selje møter Førde 2 på heimebane.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Jon-Aage Riksfjord, Henrik Aarsheim, Ole Andreas Solheim, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Atle Riksfjord, Werner Kupen, Endre Kupen.
Benytta reservar: Henrik Aaland
Dagens Seljespelar: Gaute Otnes fekk flest poeng.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024