26.05: 4.div. Selje vann 3-1 på bortebane
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Mai 2007
Selje spelte ein ruskete 1.omgang. Askv/Holmedal kom til 5-6 kjempesjansar som Selje langt på veg forårsaka sjølve. Men Tom-Øyvind Solheim var i det umulige hjørnet i dag, og redda Selje gong på gong med glimrande keeperspel. Askv/Holmedal burde leia til pause, sjølv om Selje med litt tur kunne putta på eit par mål etter store sjansar ved Endre Kupen og Ole Andreas Solheim.
Ein småsjuk Werner Kupen kom inn etter pause. Han brukte berre 15 sekund på å føre Selje i leiinga. Scoringa kom etter fint førearbeid og innlegg frå Ole Andreas Solheim.
I det 48 minutt vart Werner felt og skada, og måtte gå ut etter berre 3 minutt på bana. Espen Nøstdal ladda kanona frå nesten 50meters hald, og sendte avgarde frisparket som gikk rett i mål.
Selje heva seg kraftig i 2.omgang og skapte 5-6 store målsjansar. Men Askv/Holmedal gav ikkje opp, og hadde ein trippelsjanse til redusering på stillinga 2-0. Men igjen greidde Tom-Øyvind Solheim å hindre mål. Kampen vart avgjort i det 83min. Dommaren brukte fordelsparagrafen då "Oen" vart felt på 20 meter, og ballen gjekk inn til Endre Kupen som vart felt. Gaute Otnes sette straffa sikkert i mål. Askv/Holmedal fekk si redusering 3 min på overtid, eit mål som truleg burde vore avvinka for offside.
"Dette var moro, eg har ikkje vore med å vunne på Hilvang på sikkert 20 år", sa Seljetrenar Idar Taklo etter kampen. Trenaren rosa laget for heilhjerta innsats og ein god 2.omgang, med ekstra honnør til banas beste i dag, Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim.
Seljes lagoppstilling: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Espen Nøstdal, Peter Bergesen, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Frode Nøstdal, Runar T. Aarsheim, Jon-Aage Riksfjord, Ole Andreas Solheim, Endre Kupen.
Innbyttarar: Werner Kupen etter 45min, Ken Olav Kupen etter 48min, Atle Riksfjord etter 81 min, Martin Hove etter 85min.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024