29.04: Førde 2 - Selje 2-2
Postet av Selje IL - Fotball den 29. Apr 2007
Selje leia to gonger i 4.div. kampen i Førde i dag, men Førde 2 kom tilbake og sikra det eine poenget. Dermed vart sluttresultatet 2-2, akkurat som forrige helg mot Årdal 2.
Alt i alt var poengdeling greitt i dagens kamp. Selje var best i 1. omgang og Førde best i 2.omgang. Selje leia to gonger i kampen. Verner Kupen scora etter 27 min., og Endre Kupen etter 83 min. Men Førde kvitterte for begge scoringane og dermed 2-2. På overtid var Endre Kupen nær ved å ta med alle poenga heim til Selje.
Trenar Idar Taklo seier at spelarane la ned ein kjempejobb. Han var derimot ikkje så nøgd med pasningskvaliteten og måten spelarane utnytta dødballar på.
Førde var eit sterkt og fysisk lag, og Taklo meiner at poengdeling var greitt i denne kampen.
Kampfakta:
Tom-Øyvind Solheim
Gaute Otnes Peter Bergesen Espen Nøstdal Kristoffer Hove
Runar T. Aarsheim Kennet Honningsvåg Ole Andreas Solheim
Trond Sætren Verner Kupen Jon-Aage Riksfjord
Endre Kupen inn for Trond Sætren.
Ubenytta reservar: Vidar Hagen, Anders D. Rekdal, Martin Hove, Andre Kupen.
27 min 0-1 Verner Kupen
46min 1-1
83min 1-2 Endre Kupen
87min 2-2
Gule kort: 2 til Førde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024