16.01: Dugnad på uteområdet
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Jan 2007
Ein arbeidsgjeng frå Selje IL hadde dugnad sist laurdag. På ballbingen vart øydelagde fjøler bytta ut, og det er sett på forsterking på kortveggane mellom staga. Det er også sveisa på forsterking ned i plata som måla står på.
Det var også leigd inn lift for å ordne lysa som vinden har snudd. Så no er to av lysmastene ordna og sveisa fast, slik at flomlyset igjen peikar inn på grusbana.
I løpet av 2-3 veker vil det bli ny dugnad og leigd inn gravemaskin. Då er håpet at "innsjøen" ved 6-årsbasen vert borte for godt, når det no blir laga til kum som skal ta unna overflatevatnet.
Driftsstyret for Selje Idrettspark har ei lang liste med dugnadsoppgåver, som ein håpar å få gjort noko med i løpet av vinteren/våren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024